Om Museet

hus

Osterøy museum er eit folkemuseum for Osterøy og dei næraste bygdene. Museet ligg vakkert til på ein sandbanke på Gjerstad.

Byggeskikken på Strilelandet er godt representert i det gamle museumstunet, som du kan besøke saman med ein guide frå museet.

Samlingane våre inneheldt eit rikt utval av tekstilar, innbu og reiskapar knytt til landbruk, handverk og småindustri. I tillegg har me ei stor fotosamling.

På Osterøy museum finn du også eit lokalhistorisk arkiv, der me samlar inn og tek vare på arkivmateriale frå privatpersonar, organisasjonar, foreiningar og næringsverksemder. Me har også arkivmateriale etter dei nedlagte Osterøykommunane Hamre og Hosanger.

Kunnskap om gamle handverkstradisjonar vert tekne vare på og haldne i hevd på Osterøy museum, særleg innan tekstil og byggeskikk. Me er kompetansesenter for veving på oppstadvev, og me driv individuell formidling og opplæring og arrangerar kurs og seminar.

Meir om Osterøy museum kan du lese her: http://www.muho.no/osteroy-museum/

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s