UT I DET FRI!

DSC_0051~2 DSC_0052~2

Friluftsliv er ei nymotens greie. Å vera ute berre for helsa eller hygga sin del var utenkeleg for vaksne arbeidsfolk. Men ute var dei – i arbeid på garden, på veg til og frå arbeid, på kyrkjeveg eller til handelsmannen.

På fritida –  på kviledagen – kvilte dei.

Allemannsretten sikrar kvar og ein av oss tilgong til naturens gode, også på annan manns grunn. Men me skal ikkje trakka i veksande gras.

Det var borgarskapet som ”oppdaga” friluftslivet midt på 1800-talet, inspirert av den nasjonale og romantiske bølgja som sette landskapet i sentrum. Kunstnarar førte borgarskapet ut i naturen.

Oppdagingsferdene skapte også interesse. Mange ville følgja i deira fotspor.

Aan_de_Zuidpool_-_p1913-160

I 1890 vart Bergen og Hordaland Turlag stifta av Bergens beste borgarskap. Tidlegast ute var Turistforeininga i 1868. I dag er dei den største medlemsorganisasjonen med motto: aktivt, enkelt og naturvennlig friluftsliv.

Idretten har vore ein inspirator, men der dei har kravd reglar og anlegg har friluftslivet satsa på det enkle og uorganiserte.

Ungdomar har alltid møttes ute, i allefall om somrane. Det var ikkje plass i dei inne i dei små stovene, og ute slapp dei å ha vaksne augo på seg. Setra og etter kvart hytter var populære turmål – særleg då skikken med å gå på ski breidde seg. Mat, musikk og noko attåt følgde med om somrane.

OM-F.002811

Friluftsliv for alle   

Med ferielova frå 1947 vart trevekesferie innført. Det vart tid å vitja slekta, reisa på fot- sykkel- og biltur.  På 1940-talet var sykkeltur med telt ein populær måte å gjera bryllaupsreisa på.

På fotturar var det viktig å bera lett og frakta med seg minst mogleg. Med bilen kom utstyret som ein kanskje ikkje alltid trong – campingbord.

1983_011ed

Utstyret

Sjølv om friluftslivet kan levast på enklaste måte, har det samstundes vorte ein stor marknad. Det gjeld utstyr så vel som prestasjonar. Arven frå oppdagarane vert halden i live.

2014-0074_edited-1

Sundagsturen

er ein  del av friluftslivet, anten du går til fjells eller gatelangs. Å røra seg på enklaste måte har vorte ein del av den norske levemåten.

Det gjer så godt å gå… Det er lett å snakka om vanskelege ting når auga vender frametter…

 framside_osteroytilfots

Dei som ber oss med seg ut

Det er fleire lag og organisasjonar som legg til rette for friluftsliv.

Osterøy fråhaldslag  starta opp  Osterøytrimmen i 1985, med tilrettelagte løyper og orienteringskart som lokka barnefamiliar på jakt etter postar.

Osterøy sogelag si turbok inneheld gode klart og nyttig kunnskap både om ny og eldre tid. Turen vart spennande.

Osterøy turlag er det ferskaste skotet, stifta i år.

Osterøy kommune har rydda  løyper og turstiar frå 1980-talet av og frametter.

friluftsliv             idrett

uorganisert          tett organisert

skikk og bruk      regelbunde

ute                       inne

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s