Diamantkypert i oppstadvev

Av Marta Kløve Juuhl. Opprinneleg skriven for Norwegian Textile Letter.

P1040152

Marta vev under opningsdagen på Norsk Fjellmuseum i Lom, juni 2013

Etter å ha hatt mange kurs i veving på oppstadvev, m. a. på Osterøy museum, der eg arbeider, og Vesterheim Norw. Am. Museum, Decorah, Iowa hadde eg sommaren 2010 Elizabeth Johnston frå Shetland og Hildur Håkonardottir frå Island som studentar på eit kurs på OM. Etter dette kurset fann vi ut at vi hadde så mykje til felles at vi gjerne ville halda fram samarbeidet. Vi håpar at det etter kvart skal resultera i ei bok. Dette har folk høyrt om, og vi har fått ein del spørsmål om å veva meir spesielle tekstilar i denne vevtypen.

Det som har vore det mest spennande – og utfordrande vi har gjort til no er å veva eit stoff i diamantkypert.

For nokre år sidan vart det mellom andre gjenstandar funne ein kjortel i brekanten på Lendbreen i Lomsfjella (Gudbrandsdalen). Denne kjortelen var i forbausande god stand, og den vart etter kvart konservert ved Kulturhistorisk museum i Oslo og datert til å vera 1700 år gamal. Noko  informasjon om funnet vart lagt ut på nettet.

I fjor vår (2013) ringde leiaren ved Norsk Fjellmuseum i Lom til oss på Osterøy museum og fortalde at dei skulle stilla ut denne kjortelen sommaren 2013. Difor ville dei gjerne låna ein oppstadvev hjå oss for å visa kva reiskapar som var brukte for å framstilla stoffet. Tekstilhistorikar og spesialist på jernaldertekstilar Lise Bender Jørgensen hadde konstatert at stoffet var vevd i oppstadvev. Vi lånte gjerne ut ein vev til Fjellmuseet, som dei kom og henta nokså fort.

Så eit par veker seinare ringde museumsleiaren på nytt og spurde om vi kunne tenkja oss å veva eit stoff i diamantkypert i oppstadvev som kunne stå i veven sommaren over. Det sa vi eit litt meir nølande ja til. Eg trur ikkje dei på Fjellmuseet visste heilt kva dei spurde om —-

2013-06-10 16-32-06 - P1040090

Elizabeth og Marta arbeider med hovling

Å veva eit stoff i diamantkypert er ei enkel sak i ein flatvev; det er det vel i ein oppstadvev og når ein kan det. Men fyrste gongen er det mykje tankearbeid.

Kva garn skal vi bruka?

Kor mange trådar pr. cm skal det vera?

Kor store skal “diamantane” vera?

Kor tunge skal lodda vera?

Slike ting kunne vi ikkje få svar på, for konserveringsrapporten om kjortelen kunne ikkje offentleggjerast før den hadde vorte publisert i eit internasjonalt fagtidsskrift. Dessutan ville ikkje alt dette stå der likevel.

Men det låg gode bilete av kjortelen på nettet, og at materialet var ullgarn visste vi.

Tilfeldigvis hadde vi avtalt tidlegare at Elizabeth skulle vera på museet hjå oss denne veka i mai, så det passa utruleg godt.

Vi bestilte garn hjå Hoelfeldt-Lund Norsk Kunstvevgarn, 1-tråda spelsaugarn nr. 4,5, grått til renning og brunt til innslag. Til dette garnet passa det med 10 trådar pr. cm, og litt færre i innslag. Då rekna vi med at vårt stoff kom til å verta litt grovare enn det originale –  utan at vi visste det. Seinare fann vi ut at det stemte.

Frå bileta på nettet kunne vi lesa oss til kor mange trådar det var i kvar “diamant” eller rapport, bileta var faktisk så gode at vi kunne telja trådane. Så vi talde ut rapporten på eit nærbilete av det eine ermet.

Vi bestemte oss for å laga ein renning på 60 cm i skeibreidde, dvs. 600 trådar, og laga ei snor i oppsetjingskanten på same måte som i åklea i vår Vestlandstradisjon. Vi visste sjølvsagt ingen ting om kva oppsetjingskant som var brukt i det opphavlege stoffet, men dette er ein metode vi beherskar og veit at den fungerer godt. Sidan vi hadde så få opplysningar om originalen kunne ikkje dette verta ein direkte kopi likevel.

Vi prøvde oss fram med lette lodd, 50 gram pr. enkelttråd; det fungerte.

Så langt var alt greitt. Det største problemet var hovlinga. Til diamantkyperet treng ein 4 skil; 3 skaft og det 4. som det naturlege skilet. Trådane skal hovlast på ein slik måte at det vert spissar i stoffet. Desse spissane kjem fram når ein hovlar doble og enkle trådar i ei bestemt rekkjefylgje. Ved hjelp av Marta Hoffmann: The Warp Weighted Loom fann vi ut av framgangsmåten. Vi omarbeidde den til “vårt “stoff. Elizabeth og eg samarbeidde om hovlinga. Eg sto bak veven og fann fram trådane som ho, som stod framfor veven skulle knytta hovlar rundt. Vi hovla 2. og 4. skaft (frå toppen) samtidig, og 1. skaft (på toppen) til slutt. Det naturlege skilet tilsvara då skaft nr. 3 og låg mellom skaft nr. 2 og 4 ved veving. For å vera sikre på at vi ikkje hoppa over noko trådar på skaft 2 og 4  laga vi oss ei regle som vi gjentok høgt heile tida: single, double, double, double, double, double, single x 2. Dette var ein rapport. Så kvar rapport hadde 24 trådar både i renning og innslag.

Denne prosessen var den mest tidkrevjande.  Resten gjekk ganske greitt. Etter 3 dagar med nokså intenst arbeid hadde vi veven klar. Vi vov så mykje at vi såg at teknikken var rett.

Så reiste Elizabeth heimatt til Shetland, og Randi Andersen, leiar ved museet vårt og eg tok stoffet ned frå veven med hovelstokkane i, og køyrde til Lom. Då Norsk Fjellmuseum opna for sommaren var stoffet på plass i veven attmed glassmonteren med kjortelen i. Eg stod og vov på opningsdagen, og alle såg likskapen mellom vårt stoff og kjortelen.

Hildur var ikkje med i denne prosessen reint fysisk, ho var heime på Island. Men likevel er vi einige om at alle 3 av oss har like mykje ære for at vi lukkast.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s