Borge Garveri

Råhuder på veg inn i prosessen.

Råhuder på veg inn i prosessen.

Osterøy både er og var kjent for sin småindustri. Dei mange garveria utgjorde ein viktig del av denne industrien. Det var vanleg å garva heime til eige bruk eller som attåtnæring, men etter kvart tok mange steget over til å driva eigne fabrikkar. 1 1939 var det 9 garveriverksemder på øya, Osterøy var som ein garverihovudstad. Borge Garveri vart grunnlagt i 1889 då Ola Borge den eldre flytta gardsgarveriet inn i nybygde lokale i Kårvik. Sonen, Johannes Borge den eldre, utdanna seg til garvar: kjemiutdanning og deretter læretid i Tyskland kom i tillegg til den «gamle» kunnskapen i det handverket. Han byrja bruken av krom i garvinga – den første i landet – som langt på veg erstatta den tradisjonelle barkegarvinga, dette korta ned tidsbruken i prosessen mykje og auka kvaliteten. Ola Borge den yngre hadde mellom anna utdanning frå Leathersellers’ Tecnical College i England. Etter kvart minka talet på garveri på øya medan Borge vaks, til sist var dette det einaste garveriet på Osterøy. Truleg har dette nettopp samanhang med den høge kompetansen i bedrifta og den store vekta som vart lagt på eit godt laboratorium. I 1940 var det 60 tilsette ved bedrifta, i 1990 om lag 90 personar. Bedrifta var altså ein svært viktig arbeidsplass på Osterøy. I 2010 vart det dessverre slutt for Borge Garveri, og ein stor del av arkivet vart hausten 2012 overført til Osterøy museum. Dette arkivet er no i ferd med å verta grovordna. Her vert det presentert nokre smakebitar frå det rikhaldige arkivet: om firmapresentasjon, kompetanse, personalpolitikk, løner. Men det har og kome inn litt anna materiale i arkivet: ein hadde interesser i politikk, i frivillige lag og organisasjonar, og i garveriorganisasjonar både lokalt og nasjonalt og internasjonalt.

Garveriet deltok ofte på messer for å presentera seg og produkta sine, Parismessene var til dømes årvisse. Her frå 1975.

Garveriet deltok ofte på messer for å presentera seg og produkta sine, Parismessene var til dømes årvisse. Her frå 1975.

Slik presenterte garveriet seg i 2010.

Slik presenterte garveriet seg i 2010.

Det var forventa at (minst) fire mann på garveriet skulle ta seg fram i fagtidsskrift på tysk. Her representert ved «Das Leder» frå 1970. Ein hadde bibliotek med faglitteratur  og abonnerte på tidsskrifter både på engelsk og tysk i tillegg til dei skandinaviske tidsskrifta.

Det var forventa at (minst) fire mann på garveriet skulle ta seg fram i fagtidsskrift på tysk. Her representert ved «Das Leder» frå 1970. Ein hadde bibliotek med faglitteratur og abonnerte på tidsskrifter både på engelsk og tysk i tillegg til dei skandinaviske tidsskrifta.

 

 

gg

Å farga lær krov sin fagmann! Denne resepten var «enkel»: tilføyingar, kommentarar, justeringar m.m. er ofte påført, men ikkje her

Å farga lær krov sin fagmann! Denne resepten var «enkel»: tilføyingar, kommentarar, justeringar m.m. er ofte påført, men ikkje her

Men innimellom kunne resultatet verta «litt på kanten». Som den omtala raudfargen her

Men innimellom kunne resultatet verta «litt på kanten». Som den omtala raudfargen her

I samband med utrekning av akkordar og bonus hadde ein arbeidstidsstudiar. Gjennom 1950 - 60 - og 70- åra vart det arbeidd mykje med akkordar og tidsbruk osv. I 1976 kartla det tyske firmaet G.A. Keller tidsbruken grundig. Kvar arbeidar vart observert over tid og fekk si «ytelseskurve». Så laga dei ei samla kurve for firmaet totalt. Der endar ein ut med ei yting godt over det som vart stipulert som 100%. Ytelsane låg på 105 - 110 - 115 prosent i mange veker.

I samband med utrekning av akkordar og bonus hadde ein arbeidstidsstudiar. Gjennom 1950 – 60 – og 70- åra vart det arbeidd mykje med akkordar og tidsbruk osv. I 1976 kartla det tyske firmaet G.A. Keller tidsbruken grundig. Kvar arbeidar vart observert over tid og fekk si «ytelseskurve». Så laga dei ei samla kurve for firmaet totalt. Der endar ein ut med ei yting godt over det som vart stipulert som 100%. Ytelsane låg på 105 – 110 – 115 prosent i mange veker.

Brakjen er viktig på Osterøy. Tilmed i garveriarkivet har den kome seg inn. Borgefamilien hadde mange interesser utanom bedrifta, her i lokal idrett.

Brakjen er viktig på Osterøy. Tilmed i garveriarkivet har den kome seg inn.
Borgefamilien hadde mange interesser utanom bedrifta, her i lokal idrett.

Overskot i kassen og 40 000 til ei god sak!

Overskot i kassen og 40 000 til ei god sak!

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s