Ein god dag i magasinet

P1040965

Sendinga som skal inn til Fellesmagasinet i august må gjerast klar. Det passa så fint å gå i tekstilmagasinet i kjellaren på den heitaste dagen i sommar. Me har ganske gode lokalitetar, men det skal ikkje mange øskjene til før det ser kaotisk ut. Me vaska hendene godt, og gjekk i gang. Det er viktig at sendinga er så godt førebudd som råd er. Då vert etterarbeidet på Bevaringstenestene enkelt.

Med tre øskjer – ei for Salhus, ei for tilvekst og ei å ha att – var me klare til innsats. Hjelpemiddel er Primus, men minst like viktig – tilvekstprotokollar og dei eldste innførslene. Lokal kunnskap og lett tilgang til arkiv er også ein fordel.

P1040974     P1040985

Tekstilar på Osterøy museum er praktstykke og kvardagskle. Dei er hauggamle og dei er ganske moderne. Museet har vel ei av dei største tekstilsamlingane frå nyare tid og i moderne materiale (det som ein stundom uffar seg over) på Vestlandet, ja kanskje i Noreg?

Velja og velja.

Me har alt sett oss ut nokre øskjer å pakka om og å velja frå. I 2012 hadde me ei stor broderiutstilling, og den vart berre pakka ned mellombels, registrert saman med uregistrert.

Premissane for utveljing ymsar nødvendigvis etter tid og høve. Å gjera klar for sending i sommarferien set nokre ekstra krav til utval. Til dømes  må denne usedvanleg vakre duken i hardangersaum verte verande ei stund til. Den var berre tilvekstført, og det vart ikkje tid til registrering i denne omgangen. Det same gjeld den broderte nattlua i tynn, fin bomull.

Hardangersaum

Hardangersaum

Nattlue

Nattlue

 

 

 

 

 

 

Det vart sendt frå fleire utstillingar som i si tid har vore ledd i innsamling. Ei øskje full av undertøy frå utstillinga Nærast kroppen inneheld alt frå traust bomull til luftig lilla nylon. Pyntehandkle kjem frå ei utstilling som Handarbeidstreffet hadde ideen og gjenstandar til.

P1040968

Det svarte småermet som også vert kalla pulsvarmar frå sist på 1800-talet, har vore mønster for museet sin meir moderne og omredigert suvernirproduksjon. Mellom anna har me ikkje hatt dei store, svarte perlene, og forma utgåva deretter. Den eine me har går no inn i Fellesmagasinet.

P1040982

Me har ei etter måten stor samling med prøvar og lærestykke. Dette legg me mellombels til side (med ein gul lapp ved sida av der det står undervising!). No skal me starta   eit prosjekt om den tekstile kultur- og kunnskapsarven. Då er det nødvendig å ha døme. Og noko må ein berre ha i nevane!

P1040972

P1040964

 

 

 

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s