Osmåling

2013-19-1

På Osterøy museum har vi no ei utstilling om Osmåling. Tinga i utstillinga er i hovudsak lånt frå Petter Mikalsen.

2013-19-21_edited-1

Denne særeigne forma for rosemåling kan seiast å ha starta med Nils Tveiterås Midthus (1795-1875). Han dreiv med rosemåling slik både faren og farfaren hadde gjort. Han flytta frå Samnanger til Midthus i Hegglandsdalen i 1824, og utvikla det som seinare er vorte kalla for Os-stilen innafor rosemåling.

2014-05-09 08-54-19 - IMG_3008

Rosemåling vaks fram i Noreg på slutten av 1700-talet og byrjinga av 1800-talet. Inspirasjonen var eldre motivtradisjonar og måleria i kyrkjene på 1600-talet. Mest kjende er gjerne rosemålinga frå Telemark og Hallingdal. Men mange bygdelag hadde sine rosemålarar i den tida.

2014-05-09 08-51-51 - IMG_3007ed2

Gjennom 1800-talet steig rosemålinga sin popularitet kraftig i Noreg. Målarar på Vestlandet kopierte gjerne telemarkstilen, særleg er dette tilfelle i Hardanger. Men i Midthordland utvikla det seg ein heilt eigen stil, nemleg Osmålinga.

2013-19-35_edited-1

Fargane i osmålinga er gjerne klåre, kraftige og med skarpe kontrastar, botnfargen er oftast kvit eller raud. Nokre element er frå telemarksstilen, andre kan vera geometriske mønster, blomster, tulipanar, bladrosettar, C-roser og strekar. Det kan òg vera biletemotiv, landskap, bygningar, portrett, figurar og tekst. Vanlege ting å måla på var: Kister, korger, fat, ølkjenger, stolar, dører, skåp osv.

2013-19-48_edited-1

Utstillinga blir ståande ut september.

Advertisements

One thought on “Osmåling

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s