Folk, og helst kvinnfolk, har strikka sidan strikking var utbreidd på landsbygdene. Røynde spøtarar ”hadde det i nevane” etter gamalt. Masketal for leister, trøyer og underklede var fast, alt etter alder og storleik.
Strikkeoppskrifter kom på trykk etter kvart, først i ”dameblad” og bøker. Då laut ein handla heile produktet. Det var ein liten revolusjon då garnprodusentane tok til å laga billige oppskrifter for berre eitt eller to plagg. Sandnes starta Strikkeessklubb alt i 1935. Opp gjennom tidene speglar mønster og tråd mote og utvikling av garntype.
Berta og oppskriftene
Berta Vevle lærte seg tidleg å strikka, og lika det godt. Ho meldte seg inn i Strikkeessklubben, og fekk sendt til seg medlemsblad. Her kunne ho og søstrene bestilla mønster. Somme har ho samla på. Saman med to av søstrene gjekk ho gjennom mønstersamlinga, og det lokka fram minne om fargeval, kven som strikka og kva tid. Mønstra ber preg av bruk, og er også nytta til notatar.
Eskimomønster
Den første genseren Berta strikka, var denne med eskimomønster. Ho gjekk på framhaldsskulen då, kring 1956-57. Genseren var lysegrøn i botn, og elles brukte ho noko garn dei hadde liggjande heime. Slike mønster har vore svært populære i fleire periodar. Denne fekk ho gjennom strikkeklubben.
Setesdalskufta
”Setesdalskufta strikka me alle”, seier søstrene. Berta strikka han då ho var i teneste på Voss. Det var sonen på garden som skulle ha han. På oppskrifta skreiv ho ned kva fargar ho brukte (svart/kvitt), kven ho strikka han til og at ho starta på arbeidet 22.10.1960.
Solfonn
Solfonn strikka Berta to av, ein til mannen i grått og ein til seg sjølv i gult. Ho var ferdig med den siste nett då dei landa på månen, 20. juli 1969.
Master
Master strikka Berta til mannen sin i brunt. Den var sein å strikka, hugsar ho, og genseren vart ikkje så jamnt brukt.
Pellestova
Pellestova jentegenser strikka Berta på 1980-talet til ein av ungane, ho bruka blåfargar.
Vikinggenser
Denne vart strikka midt på 1955-talet av eldste søstra. Hovudfargane var mørk grøn med senepsgule stripar og svarte skip.
Siv
Denne strikka yngste systra Kari i 1970. Då var ho ferdig med gymnaset. Ho valde grønt som hovudfarge, med senepsgul og kvitt attåt.
Grønlandsgenser
Eldste søstra kjøpte mønsteret ”Grønlands genser”. Denne har også rundt mønster, og var særleg sid og god. Berta hadde hug til å strikka han, men såg seg ikkje råd til å kjøpa så mykje garn den tida.
Gåsegang
Gåsegang strikka Berta kring 1970 til borna. Flettestrikk var populært på den tida, det vart noko ekstra med desse plagga sjølv om dei var einsfarga. Til dottera strikka ho genser i mørk turkis, med raud, smal rand nedst på armar og brot nede. Sonen fekk genser i senepsgult.
Suldalskofta
Denne strikka Berta si søster, Kari, i 1962-1963. Ho valde å ha kvitt i botn, og med grøne border. Kofta vart brukt av neste generasjon også, ein nevø såg seg nytte av han kring 1980.
Vest
Berta strikka seg denne vesten på 1970-talet. Ho valde to rosafargar saman med den grå som var tilrådd til dameutgåva.
Per Spook-genseren
Mønster til Per Spook fall i god smak hjå jentene frå Hauge. Berta laga ein til dottera då ho gjekk på gymnaset i 1985. Den var vanskeleg å strikka, fortel ho – særleg stykket under armane. Dei to andre har også strikke denne, til seg sjølv eller borna. Fargekombinasjonane var mange: rosa og grått, mørk turkis og svart, grønt og kvitt og lyseblått og kvitt.
Hockey
Denne var det nokon andre som strikka, men kven det var, hugsar dei ikkje. Derimot minnes dei at det var broren som fekk denne genseren – i 1958 eller litt før.
Luer Dale 126
Desse var svært moderne ei tid, særleg i kvitt.