Folk i 1814 – eit tidsbilete

Medan eidsvollsmennene laga ny grunnlov og førebudde folkestyre, levde folk flest sitt daglege liv. Det var ikkje støtt like enkelt, med ufred og krig, og med matmangel. For mange strilar vart 1814 det året dei også reiste seg mot øvrigheita. Det kvardagslege livet var prega av arbeid og ofte armod. Fødsel, giftarmål og død er våre møteplassar med folk den gong. Det var då dei vart registrerte i dei offentlege papira.

bygningsbonde af hosanger

Bygningsarbeidar og bonde frå Hosanger på Osterøy, i yrkesdrakt med reiskaper til husbygging. Lafta bygning med taksperrar med krans på stake i bakgrunnen. Teikna av Johan Friedrich Leonard Dreier.

Me har valt oss ut nokre personar som vart fødde, gifte seg eller som døydde i løpet av dette merkeåret, og følgd dei gjennom kort eller langt liv. Kva fortid hadde dei og kva framtid fekk dei?

 

Fødd i 1814 – ulike lagnader

Kva familie ein var fødd inn i, gav ofte retning for livet vidare. Men ikkje alltid. Plasskona Gjertrud og gardbrukaren og nyryddaren Haldor var fødde same år. Begge vart linda og reiva og bore til dåpen, og hadde kanskje fått ei lånt, vakker dåpsbleie på seg. Etter ein stutt skulegong kunne begge konfirmerast og var klare for vaksenlivet.

bondekone i hosanger

Bondekone i folkedrakt frå Hosanger på Osterøy, med eit tøyknytte i den eine handa, og ein ambar i andre. Teikninga er av Johan Friedrich Leonard Dreier.

Husmannskoner hadde det travelt. I tillegg til å stella husdyr og eigne born, arbeidde ho for andre i dei store onnene, mot betaling eller som leige for plasset. Det kunne vera klesvask, slått, slakt og bakst. Banketre, salmebok, lommeduk og utslite liv kan symbolisera hennar liv.   Somme var heldig med helsa, med born si helse og hadde høve til å velja kva ein ville satsa på, sjølv om vala kunne vera avgrensa. Bile, pengebok og massingknappar og eit silkeskjerf til bruk ved livets høgtider kan vera eit bilete på den initiativrike gardbrukaren.

dåpshuve

Å vere fint pynta ved dei store høgtidene og sermoniane var viktig, noko denne vakre dåpshuva er eit døme på.

 

Gift i 1814 – Til dauden skil oss

Eit giftarmål i 1814 varte til den eine døydde. Då vart den andre mest alltid oppattgift. Giftemålsalderen var avhengig av om ein hadde levebrød eller ikkje. Dei fleste som gifta seg, hadde tilgong til eit bruk eller eit plass.  Somme gonger var folk godt vaksne, andre gonger heilt unge. Den første gongen unge folk gifta seg, var det alvor, anten det var fornuft eller kjærleik som førte dei saman. Kjærastegåve vart utveksla, og både mann og kvinne skulle visa kva dei var gode for.

mangletre

Eit mangletre som vart nytta til rulling av klede.

Somme gåver gav klåre signal om fruktbarheit: Hesten på det vakre mangletreet var eit slik symbol. Meir direkte var forhysa (på idrettspråket kalla susp) som kvinna strikka til mannen for at han skulle halda dei edlare delane varme. Andre kjekke kjærastegåver var bandvev og dekorative småerme.

1814 sups

Forhysa framifrå. Den vart også kalla suspensorium.

Somme ektepar såg seg råd til sko til småborna, andre også spenne og messingknappar.

barnesko

Ein liten barnesko i skinn.

 

Død i 1814 – Ikkje liv laga

Mest alle foreldre opplevde at ein eller helst fleire av dei mange borna dei fekk, døydde. Somme overlevde ikkje det første året, andre vart ikkje vaksne. Fram til 1815 døydde 1/3 av borna før dei var fylte ti år. Born overlevde ikkje sjukdomar som me i dag reknar for ufarlege. Omgangssykje var dødeleg for eit lite barn på denne tida.

barnedød

I seinare tid vart det vanleg å fotografere dei døde før dei vart gravlagde, også barn.

Å få det vesle barnet døypt, kor sjukt det enn var, var viktig. Berre på det viset vart barnet frelst, kom til himmelen og slapp å gå att. Somme foster nådde ikkje i livet. Då vart dei lagt i abortskrin og gøymt inn i kyrkjegardsmuren. På det viset vona mora å frelsa sjela deira, sjølv om dei var udøypte.

abortskrin 2

Eit abortskrin med innskrift på lokket.

 

Besøk oss!

Denne utstillinga, som er laga i samarbeid med Geir Kleiveland, kan du sjå i sin heilskap på Osterøy museum. Her kan du til dømes gjere kjennskap med «Danebrokjen» – ostringen som kjempa for Napoleon, Ola Brynjelsson Hamre som flytta land og strand rundt på jakt etter arbeid, og Magdeli Johannesdotter frå Helldalen som gifta seg med Erik Olsson frå Haustveiten som var 19 år yngre enn henne.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

w

Koplar til %s